|
Fjordklinikken er ein privat spesialistpraksis. Lege ved kontoret er Marit Rakstang, som er spesialist i psykiatri. Marit Rakstang er òg utdanna akupunktør, i tillegg til utdanning og kompetanse innan ortomolekylær medisin og ernæringsrådgjeving.
Fjordklinikken har driftsavtale med Helse Midt-Norge RHF og refusjonsavtale med NAV. Pasientar betaler da berre vanleg egenandel, i tillegg til evt. forbruksmatriell. Dette forutsett henvisning frå lege. Du får også dekt reiseutgifter frå Pasientreiser om du bur i Helseregion Midt-Norge.
Fjordklinikken har kontor i 2. etasje på Aspøya fjordsenter, Øydegard i Tingvoll kommune. Sjå lenkje nedst på sida om korleis du finn kontoret til Fjordklinikken.
Telefontida er 09.00 - 15.00 på kvardagar, og du møter Helge Husby i telefonen. Han er den du henvender deg til om det praktiske med timebestilling, avtalar og økonomi.
Retningsliner for behandling av depresjon
Helsedirektoratet har utarbeidd nye retningsliner for diagnostisering og behandling av vaksne med depresjon. Desse gjeld både for primærlege og spesialisthelsetenesta.
Les kort artikkel i fagbladet Psykisk frå Helsedirektoratet eller last ned heile retningslinene frå Legesider.
Lenkjer
|