OM UTREDNING OG BEHANDLING - pasientinformasjon

Utredning og behandling
Kva typar utredning og behandling som er aktuell, er avhengig av diagnose, kva pasienten ønskjer og kva henvisande lege ber om:

  • samtalar/psykodynamisk orientert psykoterapi

  • gruppeterapi

  • akupunktur som del av behandling

  • spesialutredning ved mistanke om kjemiske ubalansar, rådgjeving og oppfølging

  • medisinering ved spesielle behov etter grundig vurdering og i samråd med pasient

  • kostrelatert vurdering og rådgjeving


Det blir vanlegvis teke mange standard blodprøvar som blir analyserte på laboratoria til sjukehusa eller på andre laboratorium som har avtle med det offentlege. I ein del tilfelle kan det vere ønskjeleg å rekvirere blodprøvar/urinprøvar som ikkje er dekte av det offentlege. Desse prøvane må betalast av pasienten, og må avtalast med pasienten på førehand.

Det er ønskjeleg at pasienten tek med svar på blodprøvar som er tekne dei to siste åra til den første konsultasjonen. Sjukehistorie og evt. andre innhenta opplysningar skal følgje henvisninga frå legen.

Tilbakemelding - epikrise
Det blir sendt tilbakemeldingar til fastlege ved behov, f.eks. ved samhandling av reseptar, blodprøveresultat, om samarbeid med andre instansar og om behandlinga elles.
Epikrise er ein sluttrapport som blir sendt til henvisar/fastlege når pasienten blir avslutta.
Pasienten kan seie frå om han/ho ikkje ønskjer epikrise sendt.

Tilbake til Pasientsider

     
 

 

 

Fjordklinikken har driftsavtale med

Fjordklinikken har avtale
om direkte oppgjer med
 

© 2020 Fjordklinikken