|
Fjordklinikken er ein privat spesialistpraksis. Lege ved kontoret er Marit Rakstang, som er spesialist i psykiatri. Marit Rakstang er òg utdanna akupunktør, i tillegg til utdanning og kompetanse innan ortomolekylær medisin og ernæringsrådgjeving.
Fjordklinikken har driftsavtale med Helse Midt-Norge RHF og refusjonsavtale med NAV. Pasientar betaler da berre vanleg egenandel, i tillegg til evt. forbruksmatriell. Dette forutsett henvisning frå lege.
Fjordklinikken har kontor i 2. etasje på Aspøya fjordsenter, Øydegard i Tingvoll kommune. Sjå lenkje nedst på sida om korleis du finn kontoret til Fjordklinikken.
Telefontida er 09.00 - 15.00 på kvardagar, og du møter Helge Husby i telefonen. Han er den du henvender deg til om det praktiske med timebestilling, avtalar og økonomi.
Informasjonsmøte om matintoleranse
Tor Helge Akselvoll frå Norsk proteinintoleranseforening var på Fjordkroa
fredag 21. mai og heldt temakveld om matintoleranse og helse.
Han heldt foredrag og viste film om emnet.
Les meir om Norsk proteinintoleranseforening.
Foredraget "Tåler du maten du et?"
Marit
Rakstang heldt foredraget "Tåler du maten du et?"
på Straumsnes menighetshus ondag 14. april 2010 kl. 20.00. Arrangør var Straumsnes
sanitetslag.
Foredraget "Mat og psykisk helse" for NKS Møre og Romsdal
Marit Rakstang heldt foredraget "Mat og psykisk helse" for NKS Møre og Romsdal på Rica Seilet Hotell 13. mars 2010.
Gå til Lenkjer på menyen til venstre for å finne fagstoff knytt til foredraget. Dersom ein ønskjer forklaring på medisinske ord og uttrykk, finn du Medisinsk ordbok nedst på Pasientsider.
Nye retningsliner for behandling av depresjon
Helsedirektoratet har utarbeidd nye retningsliner for diagnostisering og behandling av vaksne med depresjon. Desse gjeld både for primærlege og spesialisthelsetenesta.
Les kort artikkel i fagbladet Psykisk frå Helsedirektoratet eller last ned heile retningslinene frå Legesider.
Professor Per-Arne Öckerman på Fjordklinikken
Marit Rakstang har besøkt professor Per-Arne Öckerman på Björkö ved Göteborg to gonger i 2008. Ho har studert Öckermans metodar for blodprøvediagnostisering innan feltet oksidativt stress og frie radikalars innverknad på kroppen.
Per-Arne Öckerman har i veka etter påske besøkt Fjordklinikken og hatt pasientar sammen med Marit Rakstang.
Måndag 20. april heldt Öckerman kveldsseminar for legar og andre interesserte på Aspøya fjordsenter om dette emnet. Etter foredraget kunne kvar av deltakarane gjennom blodprøvar få vite i kva grad raude blodlegeme var påverka av oksidativt stress.
Professor Öckerman har gjennom mange år forska på antioksidantbehandling for å minske verknadene av oksidativt stress.
Les meir om Per-Arne Öckerman på nettsidene Biomed-Öckerman
Lenkjer
|