|
Henvisning
Fjordklinikken har driftsavtale med Helse Midt-Norge RHF. Pasientar frå Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag kan derfor henvisast til Fjordklinikken.
Etter NAV sitt regelverk skal pasientar henvisast til spesialist av ein annan lege, anten det er allmennlege eller lege ved sjukehus. Men vi ser helst at det er fastlegen som henviser pasienten, det gjer alt enklare både for fastlege, spesialist og pasient. Føresetnad for å kunne henvise til Fjordklinikken, er at det blir lagt til rette for eit tett samarbeid mellom legespesialist, fastlege og pasient. Når ein
pasient
blir henvist, må henvisande lege rekne med å sette av tid til felles oppfølging for visse grupper av pasientar. Dette kan vere felles møte med pasienten, somatisk utredning, blodprøvetaking, reseptar og oppfølging av medisinering, sjukemeldingar eller øyeblikkeleg hjelp.
Henvisning skal skrivast på skjema «Henvisning/tilvising til spesialist» - NAV 05-04.21, eller tilsvarande, som ligg i dei fleste administrasjonsprogramma for legekontor. Det
ligg òg lenkje til skjemaet
i PDF nedst på denne sida. Skjemaet skal påførast korrekt pasientnamn, adresse og telefonnummer. Det skal brukast fullstendig fødselsnummer (11 siffer) og med ein diagnose som forsvarar henvisning til spesialist i psykiatri. Merk at andre opplysningar om pasienten skal stå berre på side 2 - og ikkje på den som skal sendast til Helfo. Utfyllande opplysningar kan leggast ved på egne ark. Ufullstendige og fagleg mangelfulle henvisningar kan bli returnerte. Sjå lenkje til Helse Midt-Norge sine
retningsliner for henvisning frå fastlege nedst på denne sida.
Retningsliner for henvisning
Helse Midt-Norge RHF har utarbeidd retningsliner for henvisning, som gjeld frå 1. mai 2009 (sjå lenkje under). Henvisninga blir sendt vidare til Helse Midt-Norge dersom ikkje spesialisten kan starte behandling innan 6 månader. Helse Midt-Norge vil da prøve å finne eit tilsvarande behandlingstilbod. Men dette krev at pasienten gjev sitt samtykke til vidaresending. Fastlegen må evt. skrive dette i henvisninga.
Om ein pasient likevel ønskjer berre den behandlaren det er henvist til - og heller vil stå på venteliste - er det opp til pasienten sjølv. Dette må i tilfelle stå tydeleg i henvisninga. Les retningslinene for henvisning her: Retningsliner for henvisning til spesialishelsetenesta innan psykisk helsevern
Vegen vidare - prioritering
Den henviste pasienten blir prioritert etter prioriteringsrettleiar "Psykisk helsevern for voksne". Denne kan lastast ned frå lenkje nedst på sida. Dersom pasienten oppfyller vilkåra for å få "rett til nødvendig helsehjelp" (rettigheitspasient), blir han/ho prioritert framføre andre.
I periodar der vi har kapasitet til å starte behandling innan 6 mnd., får pasienten beskjed om time til vurderingssamtale. Dersom pasienten ikkje har gjeve samtykke til vidaresending av henvisninga, blir pasienten sett på venteliste. Etter vurderingssamtale - som kan foregå i ein eller fleire timar - får henvisande lege/fastlege tilbakemelding. Dersom pasienten fortsett konsultasjon over lengre tid, sender vi rapport og heldt fastlege orientert om behandlinga. Og vi ser gjerne at fastlege tek kontakt
med oss for å gje utfyllande informasjon, eller om det er noko han
eller ho vil spørre oss om. Når pasienten blir avslutta i behandling, sender vi epikrise til fastlege - om pasienten ønskjer det.
Henvisningsinformasjon og behandling
Ved oppstart av behandling/vurderingssamtale blir det teke grundig anamnese. Denne byggjer på henvisningsinformasjon, samtale med pasienten og evt. komparentopplysningar.
Les meir om henvisningsinformasjon og behandling
Lenkjer
|