|
Fjordklinikken er ein privat spesialistpraksis som har driftsavtale med Helse Midt-Norge.
Som pasient får du time her etter henvisning frå lege, og vi ser helst at det er fastlegen som henviser deg. Det er fastlegen som har ansvaret for deg også i den perioden du har timar hos oss. Dette gjeld m.a. blodprøvetaking, somatiske utredningar, sjukemeldingar, reseptar og evt. øyeblikkeleg hjelp. Lege Marit Rakstang ønskjer derfor eit nært samarbeid med fastlegen din. Fjordklinikken har ikkje vaktordning.
Henvisning
Helse Midt-Norge RHF har utarbeidd retningsliner for henvisning, som gjeld frå 1. mai 2009. Dei ønskjer å gjere det enklare for pasient og fastlege, slik at henvisninga blir sendt vidare til Helse Midt-Norge dersom ikkje spesialisten kan starte behandling innan 6 månader. Helse Midt-Norge vil da prøve å finne eit tilsvarande behandlingstilbod. Men dette krev at pasienten gjev samtykke til slik vidaresending. Dette skal fastlegen din skrive i henvisninga
Om ein pasient likevel ønskjer berre den behandlaren det er henvist til - og heller vil stå på venteliste - er det opp til pasienten sjølv. Du må da be fastlegen din om å skrive dette henvisninga. For tida er det ikkje venteliste på Fjordklinikken.
I periodar der vi har kapasitet til å starte behandling innan 6 mnd., får pasienten beskjed om time til vurderingssamtale. Dersom pasienten ikkje har gjeve samtykke til vidaresending av henvisninga, blir pasienten sett på venteliste.
Etter vurderingssamtale kan du bli oppsett på timar til kort utredning, for lengre behandling, henvist vidare, eller oppfølging hos fastlege etter faglege råd frå oss.
Utredning og behandling
Lege Marit Rakstang har lang erfaring både som allmennlege og som psykiater, i tillegg til utdanning i akupunktur og ortomolekylær psykiatri. Derfor vil alle få ei grundig utredning i samråd med pasient og henvisande lege/fastlege.
Les meir om utredning og behandling
Praktiske opplysningar
Når du får brev om at du er oppsett på time, må du straks ta kontakt om det ikkje passar. Dersom ein ikkje møter opp, eller avbestiller mindre enn 24 timar før, blir ein kravd ein offentleg takst på kr 307.
Det er høve til konsultasjonar for spesielle utredningar uten henvisning, da er det ingen refusjon frå NAV. Pasienten må i slike tilfelle dekkje alle kostadene etter dei godkjente offentlege takstene.
Egenandel, frikort, reiseutgifter m.m.
Lenkjer
|